I boka er personskildringa rett fram og du får vite korleis personane ser ut utan at du trenger å tenkje for mykje. Ein kan lett sjå for seg figurane til Lars Ramslie, føremålet til det er at vi skal vi kunne sjå for oss sjølv i same situasjon. Kvifor han ikkje bruker så mykje metaforar er nok fordi vi skal lettare kunne leve oss inn i boka. Det er ganske viktig og ha mykje å seie for boka. I boka oppattak Lars skildringa av Rino fleire gongar. Viss han hadde brukt berre metaforar og utydelige skildringar ville eg ikkje syntes at boka var like god.
Tema har, som i ei kvar bok, mykje å seie og er veldig viktig. Det er jo det boka handlar om.Temaa i Fatso er i alle fall ensomheit og sex, men identitet og kjærleik er jo også tilstede. Allereie første sia så vet ein at forteljaren/eg personen i boka tenkjer mykje på sex, og at framstår meget einsam. I Rinos verd er der berre han, han har ingen i livet sitt utanom faren som eig husveret Rino bor i.